iPhone Screenshots

Description

Gå fjellturar, sjekk inn og få poeng for det! Sjå kvar venane dine går. Konkurrer mot deg sjølv eller andre.

Med Postkassetrimmen kan du samle fjell når du går til dei. Sjekk inn når du er innanfor 50 meter av eit punkt i kartet, og bidra til din eigen statistikk. Du får oversikt over kor mange turar du har gått, til kor mange ulike fjell du har gått, og andre ting som kor mange høgdemeter du har stige. I tillegg kan du samanlikne din progresjon med andre i leiartavlene.

«Trimmar» er konkurransar som turlag eller Postkassetrimmen står bak. Trimmane kan ha ulike mål, som å samle poeng, gå til ulike fjell eller begge delar. Om du klarar eit mål i ein trim, kan du smykke deg med det på profilsida di.

«Bragder» er personlege utfordringar som kan vere kva som helst. Til dømes kan ei bragd vere å gå til fjell over 1000 moh., vitje fjell i fleire kommunar, eller vitje fjell med «nut» i namnet. Kanskje du kjenner konseptet som achievements/trophies/badges frå andre spel og appar. Likar du å utfordre deg sjølv? Då er dette perfekt motivasjon.

What’s New

Version 1.33.1

No kan du sjå eigne leiartavler for kvart år!

Ratings and Reviews

4.8 out of 5
9 Ratings

9 Ratings

Information

Seller
Mats Byrkjeland
Size
11.7 MB
Category
Health & Fitness
Compatibility

Requires iOS 8.0 or later. Compatible with iPhone, iPad and iPod touch.

Languages

English

Age Rating
Rated 4+
Copyright
© Mats Byrkjeland
Price
Free

Supports

  • Family Sharing

    Up to six family members will be able to use this app with Family Sharing enabled.

You May Also Like